Englafjell, mellom Uskedalen og Husnes, lokkar med kvite fjellsider på denne årstida. I dag gjekk turen dit kun gjennom kameralinsa. Nede ved fjorden heng vinterepla framleis på trea, drøymer kanskje om ein annan lagnad enn å rotna på tre? Erik Bye seier det slik i diktet “Vintereplet”: Så våkner du vel av din blund og [...]
Arkiv for februar, 2012
søndagstur frå fjell til fjord
Posta under Ukategorisert, merka trea, turen den 26. februar 2012 | Legg att ein kommentar »
kunsten å vera tolmodig
Posta under Ukategorisert, merka regn den 19. februar 2012 | Legg att ein kommentar »
Ein vestlending er vane med vatn, mykje vatn. Gjennom ein vinter i vest vert du bydd vatn i mange former: vassrett, loddrett, regn, is, snø, vadlasletta, helst alle former på kort tid, dvs nokre timar. På denne tida av året er det at eg tek til å bli litt utolmodig og lei vatn. Eg veit [...]
blomar til ein mann
Posta under Ukategorisert den 11. februar 2012 | 8 kommentarar »
Litt rufsete, ujålete, velvillige og til å stola på er desse valmuene som legg under seg stadig større del av hagen vår, både innanfor og utanfor gjerdet. Dei same orda kan eg bruka om han som eg nett i dag har vore gift med i 35 år. Til lukka med dagen, du og eg <3
stakkars skjor
Posta under Ukategorisert den 4. februar 2012 | 2 kommentarar »
Bestemor og Kari (4 år) sit i stova og ser ut på alle småfuglane som held fest på fuglebrettet. Bestemor er ivrig fugleven. Brått skvett alle småfuglane unna, ei diger skjor blandar seg inn i gjestebodet, ubeden! “Å, der kom den stygga skjoro,” seier bestemor, går bestemt ut på altanen og jagar henne vekk slik [...]